Hyttene

PRESENTASJON AV HYTTENE


HYTTENE


UNIK OVERNATTING


 

SPENNANDE ARKITEKTUR OG SPEKTAKULÆR PLASSERING

Oversikrifta seier noko om kva som har vore mål for prosjektet "Berekraftig byggeri i Setesdal". Ein har ønskt å bidra til at det kan skapast unike overnattingsplassar i Setesdal, slik at desse blir ein attraksjon i seg sjølv.

 

Setesdal har flotte vassdrag, fjell og skogar - så moglegheiten for fleire spennande overnattingstilbod bør vere gode. Nokre utfordringar på vegen i møte med byggjereglar og arealplaner må ein kanskje rekne med, men for utbyggjarar med stort pågangsmot og velvillige kommunar er mykje mogleg.

 

Bidraget frå dette prosjektet er teikningar av 3 hyttemodellar utvikla for utleige, som alle som ønskjer å byggje i Setesdal kan nytte gratis.

 

ARKITEKTONISKE RETNINGSLINER

Berekontstruksjon skal vere i laft eller krysslaminert tre/ massivtre. Fasade og tak skal vere vertikal kledning eller trespon i ubehandla tre. Det er ikkje tillate med utvendig omramming/ listing av vindauga. Grunnmur skal byggjast i naturstein.

 

OM ARKITEKTEN

HYTTE A


BRA 27,4 m2

Denne hytta har 3 små etasjar, og inkluderer bad, 2 soverom, stue og kjøkken. Plassering av vindauge er sentralt, så ein har moglegheiter for god utsikt og spennande innslepp av lys. Hytta er 8,6 meter høg, og soverommet i 3. etasje har vidt utsyn. Perfekt for ein romantisk tur!

 

HYTTE B


BRA 42,6 m2

Hytta er smal, men har 2 litt større etasjar. Nokre vil kanskje sjå likheitstrekk med dei tradisjonelle Setesdalshusa? Her er det stue og kjøkken i heile 1. etasjen, og 2 soverom og bad i 2. etasje. Også her har ein mykje lys og godt utsyn, og hytta passar godt for ein familie på tur.

 

HYTTE C


BRA 21,7

Denne hytta er teikna som eit alternativ til hytte A, der reguleringsplan tilseier at ein ikkje kan byggje så høgt. Her er bad og 1 soverom i 1. etasje, og stue og kjøkken i 2. etasje. Fin hytte for eit par på tur.

 

 

KLIKK PÅ BILDENE FOR Å BLA GJENNOM HYTTETEIKNINGAR OG BILDER I STØRRE VERSJON

SETRHYTTA


RETTIGHEITER

 

Det er Setesdal regionråd som har rettigheiter til hyttene og teikningane. Bruk kan avtalast ved å ta kontakt.

KONTAKTINFORMASJON


 

Setesdal regionråd

E-post: post@setesdal.no

Telefon: +47 37 93 75 00

www.setesdal.no

Arkitekt Erick T. Allende

E-post: kontakt@tha-arkitekter.no

Telefon: +47 920 83 477

 

Prosjektleiar Ingvild Hovden

E-post: post@hovdenkontoret.no

Telefon: +47 959 79 856

© Copyright. All Rights Reserved.

Nettside levert av Hovdenkontoret.