Om prosjektet

OM PROSJEKTET


 

    Viewpoint Snøhetta på Dovrefjell. Foto: Geir A Granviken

 

FREMTIDENS BYGGELØSNINGER I FJELLOMRÅDENE


 

" ... ønsker med årets utlysning å rette fokus på hvordan lokale byggematerialer kan anvendes som et fortrinn i utvikling av steder og bygg i fjellområdene. Med utgangspunkt i steders særpreg, og med fokus på estetiske, bærekraftige, klimavennlige og innovative løsninger, kan fjellområdene etablere en økt bevissthet og identitet knyttet til fremtidens byggekultur. Dette vil kunne gi grunnlag for ny næringsvirksomhet, større lokal verdiskaping og sysselsetting."

 

Denne utlysinga kom frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og Erick T. Allende og Setesdal regionråd tente på utfordringa. Dei søkte, og fekk støtte til prosjektet. Etter tildelinga blei Ingvild Hovden henta inn som prosjektkoordinator.

 

Det er utarbeidd ein prosjektrapport der prosjektet er nærmare beskrive. Denne og meir bakgrunnsmateriell kan lastast ned frå dokumentsida.

GJENNOMFØRING AV PROSJEKTET


 

Prosjektet har vore gjennomført i perioden september 2017 - oktober 2018. Av aktivitetar kan nemnast opne informasjons- og innspelsmøter, studietur til Østerrike og Sveits (sjå bilder under), gjennomføring av spørjeundersøking og utforming av marknadsrapport, dialog med interesserte utbyggjarar, utgreiing av problemstillingar knytt til byggjereglar og arealplan, innhenting av innspel frå ulike fagmiljø - og mykje meir.

 

Det mest synlige resultatet er altså hyttemodellane som er utvikla. Alle som ønskjer å byggje hytter i Setesdal kan bruke hytteteikningane gratis, etter avtale med Setesdal regionråd.

 

Elles har ein viktig del av prosjektet vore nettverksbygging, gode diskusjonar og bevisstgjering. Det er delte meiningar om korleis hyttene har blitt - slik det alltid vil vere med arkitektur. Me trur uansett prosessen og aktivitetane har vore nyttige.

KVA ER BEREKRAFTIG?


 

Berekraft var sentralt i utlysinga, og me har definert kva me legg i dette for vårt prosjekt slik:

 

- Bruk av lokale materialar, varer og tenester.

- Hovudsakleg tre som byggjemateriale.

- Lokal byggjeskikk kombinert med nye uttrykk.

- Kostnadseffektiv byggjeprosess.

- Forsiktige terrenginngrep.

- Hytter som kan driftast så også økonomien er berekraftig.

SETRHYTTA


RETTIGHEITER

 

Det er Setesdal regionråd som har rettigheiter til hyttene og teikningane. Bruk kan avtalast ved å ta kontakt.

KONTAKTINFORMASJON


 

Setesdal regionråd

E-post: post@setesdal.no

Telefon: +47 37 93 75 00

www.setesdal.no

Arkitekt Erick T. Allende

E-post: kontakt@tha-arkitekter.no

Telefon: +47 920 83 477

 

Prosjektleiar Ingvild Hovden

E-post: post@hovdenkontoret.no

Telefon: +47 959 79 856

© Copyright. All Rights Reserved.

Nettside levert av Hovdenkontoret.